ONSONG CHARTS AVAILABLE NOW! LEARN MORE HERE

Brukarhandbok

Oversyn

Som musikkar, veit du at kvart sekund på scena tel, så me har laga eit lettbrukt program for iPad eller iPhone din for rask musikktilgang. OnSong-appen gjer det unødvendig med rotete og uorganisert notepapir og let deg raskt og lett få tilgang til musikken din for framføring. Når du er på scena, kan appen lett handtera alle aspekt ved framføring. Bruk denne manualen til å fordupa deg i dei mange unike funksjonen OnSong tilbyr deg som musikkar.

Me har høyrt frå mange av brukarane våre at OnSong er «djup». Du er kanskje van til enkle appar som utfører ein eller to funksjonar. OnSong er eit fullstendig pakke som handterer både øvingstida di og framføringa di på scena. Det blir brukt av hundretusenar musikkarar rundt omkring i verda, kvar veke.

Det dette tyder for deg er... ja, du har noko læring å gjera! Forutan denne brukarmanualen har me laga ein mengde videoopplæringar for å få deg i gang raskt.

Nybyrjarguide

Denne guiden tek deg gjennom dei mest grunnleggjande funksjonane i OnSong raskt so du blir oppdatert med vanlige brukstilfelle og korleis du startar å spela med ein gong.

Funksjonar

Det er vanskeleg å forklara OnSong utan å høyrast ut som ein reklamesending. Ærleg talt gjer OnSong so mange flotte ting at det er vanskeleg å samla det til ein ting. Denne delen av brukarmanualen gjennomgår kjernefunksjonane i OnSong og lenker til delane av appen som utgjer funksjonen.

OSS

Når du kjem i gang med OnSong, kan du ha nokre spørsmål! Denne OSS vil hjelpa deg med å svara på vanlege spørsmål du kan ha når du brukar OnSong.

Brukargrensesnitt

For dei som likar å vita kva kvar del av ein app er til for, fører denne guiden deg gjennom kvar skjerm og funksjon.

Innstillingar

For kvar musikkar finst det ein annan måte å gjera musikk på. OnSong er bygt for tilpassing. Denne delen av brukarmanualen vår vil føra deg gjennom dei ulike innstillingane og kva dei gjer.

OnSong 1.999 — Sist oppdatert November 4, 2014